fbpx

Venstresidens tankesmie

Skatteskrekk

AV RUNE SKARSTEIN
Publisert i Klassekampen 5.oktober 2011

På SVs landsstyremøte 24. september foreslo Kristin Halvorsen, endeleg, at for å oppretthalde velferdstenestene, bør den raudgrøne regjeringa vurdere å auke skattenivået etter stortingsvalet i 2013. Torgeir Micaelsen (Ap) reagerte med velkjend retorikk: «Vi har mer enn nok med å forsvare dagens skattenivå. … Venstresida kan ikke være så lite kreativ at den møter alle problemer med økt skatt.»

Ein annan sentral Ap-ar, Terje Lien Aasland, sa til Klassekampen 27. september: «Skatteløftet er en garanti som ligger fast. Det er ikke riktig av Ap å delta i en slik debatt.» Iallfall offisielt meiner desse Ap- politikarane at velferdstenester er ei offentleg oppgåve, men skattenivået må for all del ikkje bli høgare! Einaste vegen til å auke volum og kvalitet på tenestene, er følgjeleg å gjere dei meir «effektive». Ofte blir dette synet knytt til ein påstand om at det norske skattenivået er spesielt høgt. Det er ikkje sant. For 2011 er samla skatt på personar og bedrifter berekna til 41,9 prosent av BNP, som er til dels mykje lågare enn i Danmark, Sverige, Frankrike og Tyskland.

Skatteaukemotstandarane sin argumentasjon er farleg defensiv. For implisitt blir det sagt at velferdsytingane ikkje er effektive og billege nok. Denne haldninga opnar for nyliberale påstandar om at offentleg sektor er ineffektiv, og at velferdstenestene bør bli privatiserte. Eit akademisk uttrykk for dette er Hilde Bjørnlands kronikk i Dagens Næringsliv, 13. mai. Argumentasjonen hennar er immun mot fakta. Som kjent er helsetenestene i USA i all hovudsak private, dominerte av kapitalistiske helseforetak og forsikringsselskap. Den gjennomsnittlege helsetilstanden i USA er mykje dårlegare enn på Cuba, sjølv om dei totale helseutgiftene ifølgje Verdsorganisasjonen for helse (WHO) utgjorde heile 15,2 prosent av BNP i 2008. I Norge var det tilsvarande prosent talet 8,5, og i Tyskland 10,5. Hadde Norge hatt same nivå på helseutgiftene som USA, ville kostnadene ha vore 169 milliardar kroner høgare enn dei faktisk var. Dette tyder på at dei offentlege helsetenestene i Norge er relativt effektive.

Medan Stortinget fattar vedtaka om både skattenivå og velferd, blir kommunane og helseforetaka pålagde å setje dei ut i livet. Nesten all inntekt til helseforetaka, og over 40 prosent av primær og fylkeskommunane sine inntekter, er overføringar frå staten. Denne delinga av vedtaksmakt og ansvar gjer det muleg for Stortinget å drive systematisk underfinansiering av velferdssektoren. Derfor er kommunane sitt akkumulerte underskot for åra 2007–2011 på over 100 milliardar kroner. Som følgje av underfinansieringa blir det underbemanning som fører til auka sjukefråvær, som så fører til brot på Arbeidsmiljølova, til og med i det raudgrøne utstillingsvindauget Trondheim.

Motstandarane av skatteauke burde ta på alvor eit fenomen som den amerikanske økonomen William Baumol for over 40 år sidan gav namnet «kostnadssykja i personleg tenesteyting». Han påviste at denne «sykja» for det første har sin grunn i at det er «praktisk talt umuleg» å standardisere tenestene. Til dømes medisinsk behandling må tilpassast den enkelte pasienten. Undervisinga i skulen skal tilpassast den enkelte eleven, som det så vakkert heiter i dei politiske festtalane. Og det er ikkje muleg å standardisere arbeidet med eldreomsorg, fordi det knapt finst to pasientar med same behov.

Den andre årsaka til «kostnadssykja» er ifølgje Baumol at redusert arbeidsmengde ved produksjon av same mengde personlege tenester fører til dårlegare kvalitet. Dersom lækjarane kuttar ned konsultasjonstida med pasientane, vil behandlinga tape kvalitet. Og viss det blir fleire elevar per lærar, fleire pasientar per pleiar, eller heimehjelpa bruker mindre tid på kvart besøk, vil kvaliteten på tenesta minke. Medan arbeidsproduktiviteten i velferdssektoren nødvendigvis veks svært lite, aukar lønningane omtrent som i resten av økonomien.

Men trass i det aukande kostnadsgapet mellom velferds sektoren og resten av økonomien, får vi stadig betre råd til alt. Den høge produktivitetsveksten i dei «dynamiske» sektorane gjer at produksjonen i desse sektorane vil vekse sjølv om dei kvart år gir frå seg litt arbeidskraft til velferdssektoren. Det inneber at gjennom gradvis auke av skattenivået kan ein stadig større del av samfunnet si samla inntekt bli brukt på naudsynte offentlege velferdsgode.

Rune Skarstein,
førsteamanuensis i sosialøkonomi ved NTNU