fbpx

Venstresidens tankesmie

Offentleg-privat sugerør

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) har opna for å vurdera finansiering av offentlege vegprosjekt gjennom private forretningsmodellar av typen offentleg-privat samarbeid – OPS («Vil ha privat veihjelp», Aftenposten 22.3.2010).

Som dette notatet frå Manifest Analyse viser, er OPS i praksis ofte eit sugerør for private særinteresser ned i skattebetalarane sine lommer. Erfaringane tyder på at denne forma for privatisering er særs kostbar for det offentlege.

OPS er ei leiving frå det liberalistiske 1990-talet. Då var politikken i land som Storbritannia prega av overtru på finurlege, private finansarrangement som universell løysing – også i offentleg sektor.

Notatet, bygd på ein artikkel av Magnus E. Marsdal frå 2005, framstiller nokre av disse kostbare røynslene med OPS.

Les notatet her.