Hele venstresidens tankesmie

Eurokrise utan ende

AV RUNE SKARSTEIN
Publisert i Klassekampen 16. mars 2011

Tilsynelatande er Tyskland det store unntaket i den endelause krisa i eurosona. I debattane i Forbundsdagen og i dei tyske media blir økonomien framstilt som sunn og sterk. Problema skuldast dei andre statane.

Storavisa Frankfurter Allgemeine Zeitung skriv at EU er blitt ein «overføringsunion» («Transferunion») der tyske skattebetalarar skal finansiere unnasluntrarane i andre euroland. I ein rapport om «Forgjelding [Überschuldung] og statsinsolvens i Den europeiske union» hevdar regjeringa sine økonomiekspertar at krisa i eurosona skuldast mangel på statleg «budsjettdisiplin», og at eurolanda må tvingast til å innføre «nasjonale gjeldsbremser … som gjer det lettare for regjeringane å sørgje for finanspolitisk disiplin». Eit opprop underskrive av 189 tyske professorar i økonomi sluttar seg til dette synet. Dei åtvarar dessutan sterkt mot at «Den europeiske sentralbanken (ESB) stiller sin pengepolitikk til teneste for å støtte desse statane», til dømes ved oppkjøp (hittil for 77 milliardar euro) av statsobligasjonar. Det er påfallande at desse dokumenta og fråsegnene ikkje nemner at krisa begynte som ei finanskrise, og at det framleis er ei alvorleg bankkrise også i Tyskland.

Her kjem det klårt fram at Tyskland er blitt ei normal økonomisk stormakt: Tyske nasjonale interesser har forrang framfor interessene til EU som heilskap. Men diagnosen til dei tyske nasjonalistane er feilaktig. Berre om eit einaste euroland, nemleg Hellas, er det grunn til å hevde at regjeringa har mangla «budsjettdisiplin» og ført ein «uansvarleg finanspolitikk». I alle dei andre eurolanda, medrekna Tyskland, skuldast budsjettunderskota at regjeringane har gått inn med enorme hjelpepakkar for å redde kaputte bankar som hadde kjøpt «giftige» derivat og drive ein hovudlaus utlånspolitikk. Dessutan måtte regjeringane ty til store budsjettunderskot for å motverke den økonomiske nedgangen skapt av finanskrisa. Irland er eit godt eksempel på dette (jf. min førre kron og mynt artikkel).

Men eurokrisa er også ei strukturell økonomisk krise, som har si viktigaste årsak i tysk økonomisk politikk. Tyskland gjekk inn i euro med eit høgare produktivitets- og reallønnsnivå enn dei andre eurolanda. Først og fremst ein svært restriktiv lønnspolitikk har gjort at Tyskland styrka sin konkurranseposisjon overfor resten av eurosona. I perioden 2002–2008 steig dei gjennomsnittlege lønnskostnadene pr. produsert eining med berre 2,7 prosent i Tyskland, mot 26,2 prosent i Hellas, 29,6 prosent i Spania og 16,5 prosent i eurosona samla.

Som resultat av denne prosessen auka Tysklands handelsoverskot overfor eurosona frå 63,8 milliardar euro i 2002 til 139,9 milliardar i 2009. Det er viktig å merke seg at Tysklands handelsoverskot overfor dei 27 EU-landa samla derimot minka i den same perioden, frå 94,5 til 72,5 milliardar euro. For Tyskland har euroen vore ei gullgruve. Utan euro ville dei store handelsoverskota ha ført til ei kraftig styrking av den tyske mark (DM), medan europartnarane ville ha fått sine valutaar svekka. Dermed hadde ikkje Tyskland kunna akkumulere slike overskot overfor resten av den noverande eurosona.

Handelsunderskota til europartnarane er i stor grad blitt finansierte med lån frå tyske bankar som ved utgangen av 2009 hadde fordringar på til saman 522 milliardar euro overfor Hellas, Portugal, Irland, Spania og Italia. Det svarte til 21 prosent av Tysklands BNP. I november 2010 hadde tyske bankar fordringar på 114 milliardar euro på irske bankar. Då krisa slo til for fullt, vurderte den irske regjeringa å organisere insolvensforhandlingar med bankane. Dette forslaget møtte sterk motstand i EU, ikkje minst frå Tyskland fordi tyske bankar ville måtte lide store tap. I staden vart den irske staten pådytta eit lån på 67,5 milliardar euro som skulle pumpast inn i dei fallerte bankane. Det har ei nedbetalingstid på 7,5 år og ei rente på 5,8 prosent som er langt over ESB si styringsrente på 1 prosent. Det vart gitt under strenge vilkår om lønnskutt og innstramming av offentlege budsjett, blant anna gjennom oppseiingar av offentleg tilsette og reduserte pensjonar.

Hittil har ikkje tyske skattebetalarar betalt ein euro i «overføringar» til andre euroland, verken gjennom lån eller gjennom ESB sine oppkjøp av «pressa» statsobligasjonar. Men den dagen kan snart kome då dei må ofre meir til landet sine eigne bankar.

Rune Skarstein,
førsteamanuensis i sosialøkonomi ved NTNU