Hele venstresidens tankesmie

Deflasjonspolitikk på spansk

AV RUNE SKARSTEIN, førsteamanuensis i økonomi ved NTNU
Publisert i Klassekampen, 22.06.2010

Mange økonomar har hevda at den økonomiske krisa i Spania (og andre søreuropeiske land) er blitt så alvorleg fordi staten hadde for lite oppsparte ressursar frå «gode tider» til å drive ekspansiv finanspolitikk då finanskrisa slo til i 2008. Derimot skal regjeringa i Berlin ha samla seg opp reservar som gjer at dei i seinare tid kunne selje statsobligasjonar med den lågaste renta på 20 år, 2,5% på 10-årige obligasjonar. Eit blikk på offisielle statistikkar fortel oss at desse påstandane er totalt i strid med fakta. I alle år frå 1999 til 2007 var offentleg sektor i Spania praktisk talt i balanse, og med overskot i 2005–2007. Offentleg sektor i Tyskland hadde derimot betydelege underskot i desse åra, unntatt 2000 og 2007. I Spania tilsvarte offentleg sektor si gjeld 42,1% av bruttonasjonalproduktet (BNP) i 2007, som var den lågaste i eurosonen unntatt Luxemburg, mot Tysklands 65,3%. Ved utgangen av 2009 hadde offentleg sektors gjeld i Spania auka til 53,2%, mot Tysklands heile 73,2%. Kort sagt: Den tyske staten er både absolutt og relativt sett langt meir forgjelda enn den spanske.

Så seint som i 2008 fekk dessutan dei spanske forretningsbankane toppkarakter både av EU og IMF for sin store eigenkapital, høge reservegrad og varsame utlånspolitikk. Spania vart i så måte framheva som eit mønsterland innafor eurosonen.

Kritisk for Spania i forhold til Tyskland er derimot skilnadene i produktivitets- og lønnsvekst. I perioden 1995–2007 var veksten i gjennomsnittleg arbeidsproduktivitet i den tyske økonomien betydeleg større enn i Spania. Samtidig stagnerte reallønnene i Tyskland, medan dei steig litt i Spania, sjølvsagt frå eit mykje lågare nivå. Som resultat av desse prosessane var dei gjennomsnittlege lønnskostnadene pr. produsert eining i Tyskland omtrent på same nivå i 2008 som i 1995, medan dei i Spania var over 50% høgare enn i 1995.

Som medlem av eurounionen kunne ikkje Spania korrigere dette veksande gapet med devaluering av ein nasjonal valuta. Resultatet var at Spania akkumulerte store underskot i utanrikshandelen, medan Tyskland akkumulerte kolossale overskot. I tidsromet 2001–2009 hadde Tyskland eit akkumulert overskot på handelsbalansen på 1270 milliardar dollar, medan Spania hadde eit underskot på 450 milliardar dollar. Dette underskotet måtte Spania dekke med ei eller anna form for kapitaltilførsel frå utlandet, i hovudsak lån. I tillegg til handelsunderskotet kom derfor rentebetalingar på låna i utlandet som var viktigaste grunn til at det akkumulerte underskotet på driftsbalansen overfor utlandet i denne perioden var på vel 700 milliardar dollar. Ved utangen av 2009 var Spanias totale utanlandsgjeld på 1735 milliardar euro, som tilsvarte 170% av BNP. Det var denne relativt store utanlandsgjelda som i det siste fekk internasjonale finansaktørar til å satse på at renta på spanske lån i utlandet måtte gå opp. At renta på spanske statsobligasjonar steig til det doble av renta på tyske lån var i stor grad eit resultat av finansaktørane si massive «shorting».

Eit anna forhold som verkar til å forverre krisa i Spania, er næringsstrukturen med eit stort innslag av turisme som er svært konjunkturfølsam. Nedgangen i turismen har i sin tur slått over på bygningsbransjen, med sterk nedgang i bygging av feriebustader for utlendingar. Av dei 1,9 millionar arbeidsplassane som vart raserte frå 3. kvartal 2007 til 4. kvartal 2009 var 52% i bygg og anlegg og 16% i tenesteyting, i hovudsak innan turisme.

Men det største problemet i spansk økonomi er organiseringa av marknaden for arbeidskraft. Ei «ekspertgruppe», med blant andre noverande sjefsøkonom i IMF, Olivier Blanchard, la i 1995 fram ein rapport som konkluderte med at hovudproblemet i den spanske økonomien var «arbeidsmarknaden sin … kombinasjon av ein struktur med kollektive forhandlingar og, når det gjeld ein stor del av arbeidsstyrken, store kostnader [for arbeidsgivarane. R.S.] ved oppseiingar.» Resepten deira: Marknaden for arbeidskraft måtte gjerast meir «fleksibel», blant anna ved auka bruk av korttidskontraktar. Dessverre vart dette rådet følgt både av sosialdemokratiske og konservative regjeringar.

I 2008 hadde 29,3% av dei sysselsette i Spania korttidskontraktar, langt meir enn i noko anna euroland. At korttidskontraktar gjer det både enkelt og billeg for arbeidsgivarane å seie opp folk, viser seg ved at over 90% av dei 5,5 millionar (20,9% av arbeidsstyrken) som i dag er arbeidslause, har gått på korttidskontraktar. Av dei ca. 4 millionar arbeidskontraktar som vart inngått mellom januar og april i år, var over 95% korttidskontraktar. Desse kontraktane rammar serleg unge arbeidarar. Ungdomsarbeidsløysa (16–25 år) på 40% er dobbelt så høg som EU-gjennomsnittet og høgare enn i noko anna EU-land unntatt Latvia med sine 43,6% i januar i år. Ein halv generasjon står utan arbeid, utan utdanning, utan framtid, utan håp.

Den omfattande bruken av korttidskontraktar har ikkje berre ført til høg arbeidsløyse, men fungerer også som ein hemsko for produktivitetsveksten i økonomien. Bedriftsleiarane ser ikkje på arbeidarane som ei langsiktig investering, men berre som ein rein kostnadsfaktor. Yrkesopplæring i verksemdene og styrking av fagkompetansen blant arbeidarane blir grovt forsømt. Arbeidarane på si side utviklar ikkje yrkesstoltheit og identifikasjon med bedrifta, men betraktar jobben berre som eit middel til å tene til sitt livsopphald. Den sosialdemokratiske regjeringa til José Rodríguez Zapatero har nyleg lagt fram forslag til ei reform av arbeidsmarknaden som dei meiner skal bøte litt på dette elendet. Korttidskontraktar skal bli knytte til dokumenterte kortvarige prosjekt, og dei skal vare minimalt 6 månader og maksimalt 2 år. Som et eit kompromiss med arbeidsgivarane foreslår regjeringa ei oppmjuking av reglane for faste kontraktar. Ved «objektive oppseiingar» (etter vedvarande driftsunderskot i minst 6 månader) skal verksemda gi ei erstatning til den arbeidslause oppsagde tilsvarande lønn i 20 dagar pr. år, mot no 45 dagar. Mange fagorganisasjonar meiner at bedriftene, på grunn av dårleg offentleg kontroll, vil halde fram å bruke korttidskontraktar i same grad som i dag, og at oppseiingsvernet totalt sett blir svekka.

I alle fall vil det ta lang tid før reforma eventuelt fører til høgare arbeidsproduktivitet. Derimot er det ingen tvil om at usikre arbeidsplassar og svake trygdeordningar bidreg sterkt til den høge arbeidsløysa i Spania. Desse forholda gjer folk meir sosialt utrygge. Følgjeleg sparer dei så mykje dei kan. Hushalda si gjennomsnittlege sparing som del av disponibel inntekt auka frå under 11% i 2007 til 18,8% i 2009, langt over EU-gjennomsnittet på 13,7%. Hushalda si auka sparing innebar at det private konsumet gjekk ned med 5,5% frå 2008 til 2009. Regjeringa brukte i 2009 den kraftigaste finanspolitiske stimulansen av alle EU-land, på 2,3% av BNP, som gjorde at det offentlege konsumet steig med 5,5%. Men det var altså berre så vidt nok til å nøytralisere nedgangen i det private konsumet. Fallande effektiv etterspørsel som følgje av lågare privat konsum gjer at bedriftene også aukar sparinga i staden for å investere. Frå 2008 til 2009 sank dei private investeringane med 21%.

I denne situasjonen har Spania etter sterkt press frå EU og IMF med Olivier Blanchard i spissen gått til innstrammingar i statsbudsjettet på over 15 milliardar euro i år og neste år. Det tilsvarar 1,5% av BNP i 2009. Innstrammingane skal skje ved reduserte pensjonsutbetalingar (10% av total «innsparing»), reduserte lønningar til offentleg tilsette (26%), reduserte statlege investeringar (40%), fjerning av skattereduksjon til familiar etter barnefødsel (10%), reduserte overføringar til regionane og kommunane (10%) og redusert u-hjelp (4%). Sjølvsagt vil dette innebere ytterlegare økonomisk nedgang. Organisasjonen til spanske sparebankar (Funcas) har nyleg nedjustert veksten i BNP i inneverande år til ein nedgang på 0,6%. Det vil ikkje vare lenge før dei må foreta ei ny nedjustering.

Deflasjonspolitikken er blitt ein europeisk farsott, og no er det Portugal og Italia som står for tur til å foreta store innstrammingar. Denne politikken vil forverre den økonomiske og sosiale krisa både i Spania i dei andre eurolanda. Fleire vil bli arbeidslause, og fleire vil bli fattige. Ifølgje den offisielle retorikken blir deflasjonspolitikken sett i verk for å «skape ny vekst». Men det reelle motivet er å verne om kapitalinteressene og eurosystemet, svekke velferdsstaten og redusere arbeidarklassen sin levestandard. Prosjektet er å gjennomføre ei gigantisk omfordeling frå arbeid til kapital og frå offentleg til privat sektor gjennom ein gjeldsdriven deflasjon som Europa ikkje har sett maken til sidan 1930-åra. Vil denne hardhendte omfordelingspolitikken føre til så mykje folkeleg opprør at «mainstream»-økonomane, til og med den arrogante Blanchard, endeleg innser at dei har gitt dårlege råd på grunnlag av ein ubrukeleg teori?

Rune Skarstein

Rune Skarsteins siste bok er Økonomi på en annen måte